Kva skal ein gje i julegave til dei som har alt ?
Jau,,Fenalår frå Stadt Gardsmat.
SNART JUL
•14/11/2011 • Legg igjen en kommentarHausten 2011
•23/09/2011 • Legg igjen en kommentarJa no er altså hausten her.Og det betyr at sauene er på veg ned frå fjellet,det er alltid spennande å sjå kor mange, og kor store lamma er når vi får dei heimatt. Men iallefall slaktesesongen er like om hjørnet. Vi kjem til å lage pinnekjøtt,fenalår,tørka mår og dampepølser som før. Det er berre å bestille om du vil.
Sommaren er herlig
•26/06/2011 • Legg igjen en kommentarI dag er det nydelig ver. Sauene og lamma er på fjellet. Vi fekk 360 lam iår.Det er litt av ein flokk. Mesteparten endar vel opp som ribber og fenalår til jul.Men no skal vi først nyte sommaren. Eldhuset er i stadig bruk,men vi har plass til fleire,det er berre å ta kontakt.
Heisann !
•02/07/2010 • Legg igjen en kommentarNo er det mykje aktivitet i bygda.Vi held på å byggje på fjøsen vår.Ellers er det kome opp eit nytt hus ,der skal det bu ei tilflytta familie,velkomne.Ei anna familie er og tilflytta,velkomne de og.
Ut på låven til Heidi,Maria og Tine skjer det og store ting.Frode og Nicklas har bygd ein stor skaterampe,til stor glede for små og store.Og meir er i “eiming” der ute.
No er det endelig sommar folkens
•01/06/2010 • Legg igjen en kommentarVi har fått over 300 lam, og dei er på veg til fjells for å ete seg feite.
I Eldhuset har vi mykje besøk, og det er kjekt. Har du lyst å besøke oss, er det berre å ta kontakt.
Hallo folkens
•07/02/2010 • Kommentarer avHallo folkens ! No er det endelig snart vår, og det gler vi oss til.
Då har vi 170 sauer som skal lamme,så det vert ei spennande tid.
I Eldhuset tek vi gjerne imot gjester,det er berre å ta kontakt.

